Nasjonalmuseet
Nasjonalmuseet samlar og tek vare på, stiller ut og formidlar landets mest omfattande samlingar av kunst, arkitektur og design. Museet viser faste utstillingar med verk frå eiga samling og skiftande utstillingar med innlånte og eigne verk. Museet sine visingsstader i Oslo er Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Nasjonalmuseet – Arkitektur og Kunstindustrimuseet. Utstillingsprogrammet omfattar også vandreutstillingar i inn- og utland.
Namnet
Noregs første offentlege kunstmuseum heitte Nationalmuseet då det vart oppretta i 1837. Deretter i ei kort periode; Den norske stats sentralmuseum for billedkunst, før det fekk namnet Nasjonalgalleriet. Samanslåinga av Nasjonalgalleriet, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst i 2003 gav namnet Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Det nye namnet fortel om eit utvida virkefelt og peikar samtidig tilbake til starten.
Etablering
Det første konstituerande styremøtet i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vart halde 11. februar 2003. 1. juli same år vart museet etablert som stifting. Med dette var samanslåinga av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst og Nasjonalgalleriet eit faktum, og arbeidet med å restrukturere Nasjonalmuseet frå fire enkeltståande museumseiningar til éin funksjonsdelt organisasjon starta. I 2005 flytta Nasjonalmuseet sin stab til nytt administrasjonsbygg i Kristian Augusts gate 23, og 1. juli 2005 vart Riksutstillingar overført til museet.
Utstillingar
Museet viser ei rekkje utstillinger med presentasjon av norsk og utanlandsk kunst, arkitektur og design, både i museumsbygningane i Oslo, i resten av Noreg gjennom eit landsdekkande program og i utlandet. Faste utstillingar med verk frå museets eigne samlingar blir vist i Kunstindustrimuseet og Nasjonalgalleriet.
Mål
Museets mål skal vere «å heve kunnskapen om og engasjementet for billedkunst, arkitektur, kunsthåndverk og design, utvikle den kritiske sansen, stimulere til ny erkjenning, skape økt historisk bevissthet og toleranse for mangfold».
Det er planlagt eit samla nybygg for Nasjonalmuset på Vestbanen i 2019. Arkitektkonkurransen om den nye museumsbygningen vart vunnen av Kleihues + Schuwerk med prosjektet forum artis. Storleik, lokalisering og samla funksjonalitet i det nye bygget vil skape ein heilt unik arena for kunsten og publikum.